Tufta på dugnad

Strilatun er tufta på dugnad. Når det er bryllaup, konfirmasjonar, jubileum og andre selskap i huset, er det folk frå bygda som stiller opp. Dei dekkjer bord, gjer klart til gjestene, serverer mat og ryddar når festen er over.

Dugnadsånda pregar også resten av drifta. Styret arbeider frivillig, og gjennom året er det mange små og store oppgåver som blir løyste på dugnad. Det blir måla og vaska, snø blir måkt, bed blir luka, flagg blir heiste, plakatar blir laga og hengde opp, og digitale kanalar blir oppdaterte. Når noko skal gjerast, er det folk som stiller opp og tek i eit tak.

Inntektene frå utleige, mat og servering går tilbake til drift og vedlikehald av Strilatun. Slik bidreg kvart selskap til å halde huset levande – som selskapslokale og som møteplass for bygda.

Dugnadsgjengen tek ein velfortent pause i Kafeteriaen.

Les historia om Strilatun →