Bruksregler

Bruksreglar for Grendahuset Strilatun SA
Innleiing

For bruk av huset gjeld godkjente vedtekter for Grendahuset Strilatun SA samt reglane som er fastsette i vilkåra for statsstønad til Grendahus/ Samfunnshus.
Grendahuset Strilatun SA er ope for all lovleg kultur- og organisasjonsverksemd. Ingen kan stengjast ute på grunn av religiøse, sosiale eller politiske syn.


Utleige av huset:
For all leige av huset skal det skrivast kontrakt på fast formular

Ikkje inntektsgjevande arrangement
Lag som er medeigar i huset og som yter til drifta av huset, til dømes dugnad, skal kunna nytta huset vederlagsfritt til ikkje inntektsgjevande arrangement. Dette er arrangement der ein ikkje sel billettar eller har anna vesentleg inntekt. Slike arr. kan t.d. vera ”ettermiddagskaffikos” eller ein konsert. Ved bruk av kjøkkenet gjeld eigne retningslinjer ved slike arrangement.

Inntektsgjevande arrangement:
Lag som er medeigar i huset skal kunne nytta huset til inntektsgjevande arrangement mot å betala leige etter fastsett pris. Laga kan også nyta kjøkkenet på slike arrangement. Laga får høve til å driva eige sal frå kjøken/kafeteria på eigne arrangement. Til eigne arr. er laga sjølve ansvarleg for innkjøp av kioskvarer og emballasje slik som eingongsbeger, pølsepapir osb. Varer som ikkje er selde, skal laga sjølve rydda bort. Varer som vert lagt att i huset, er å rekna som Grendahuset Strilatun SA si eiga.

Ved inntektsgjevande arrangement skal det betalast leiga som er fastsett etter vedteken prisliste. Styret utarbeider denne lista som godkjennast av representantskapet. 

Einskild personar sin bruk av huset 
Einskild personar frå bygda som yter til drifta av huset, til dømes dugnad, skal kunna få leiga lokale i Grendahuset Strilatun SA til private, ikkje-inntektsgjevande arrangement som barnedåp, fødselsdag og lignande.
Ein betaler då halv pris på leige av lokale utfrå minimum x antall utførte dugnadstimar pr.år.(styret har ansvar for eigne lister over dette )
Når ein bruker kjøkkenet er det eigne retningslinjer.

Kun eigarlaga og einskildpersonar frå byda kan nytta Striletun åleine.
Andre får ikkje nytta huset åleine, og betaler fastsett kuvertpris/husleige for lokale.

Vask etter arrangement.
Laga kan vaska sjølve etter sine arrangement eller betala ein fastsett pris for vask. Andre betalar ein fastsett pris for vask. Vask/ikkje vask skal avtalast på forhand og skrivast inn i kontrakten

Utleige av Grendahuset Strilatun SA
Styret, eller den styret gjev fullmakt, står for utleige av grendahuset. Bruk av huset må i regelen avtalast minimum 14 dagar på førehand.
Dersom Grendahuset SA gjer avtale om inntektsgjevande arrangement, må fast brukar av huset vika plassen for dette.
Styret skal så langt det let seg gjera unngå at fast brukar vert ramma. Den faste brukaren skal ha melding om dette i god tid før arrangementsdato.

Brukar av huset
Dei som gjer avtale om bruk av huset er ansvarleg for ro og orden i og omkring huset, og at det vert rydda skikkeleg ute og inne. Dette gjeld og ryddighet og orden på kjøkkenet

Avvik
Brukar av huset er økonomisk ansvarleg for skadar på hus og innbu som skuldast aktlause. Brannskadar er unnateke. Skadar på hus og innbu, feil og manglar skal meldast styret straks. Dette gjeld og dersom det vert knust glas, koppar m.m. på kjøkkenet.

Tilgang
Grendahuset har eige dørlås system. Styret eller den styret gjev fullmakt ,gjer tilgang til huset etter utarbeidde reglar for dette.
Personar/lag som har fått tilgang, har ikkje høve til vidareutlån av tilgang til huset. Ved brudd på dette kan/skal lag/einskildpersonar kallast inn til samtale med styret

Teknisk utstyr
Behov for bruk av teknisk utstyr i Grendahuset skal vere nedfelt i utleigekontrakt
Grendahuset Strilatun SA sitt lys/lyd anlegg samt prosjektør skal berre nyttast av personar som har fått opplæring på det tekniske utstyret.

Arrangementet
Arrangementet skal vera slutt kl. 0130 fredagar og laurdagar, og seinast kl. 24.00 andre vekedagar, dersom ikkje anna er avtalt i lånekontrakten. Alle deltakarar i arr. skal vera ute av huset seinast ein halv time etter arr. slutt.  

Dans
Ved arr. der det er dans må arrangør sjølv syta for å innhenta nødvendig løyve, og retta seg etter dei pålegg som vert gjevne. Arrangør skal stilla med minimum 10 vakter over 18 år, eller fleire vakter om politiet krev det. Vaktene skal gjera seg kjende i huset og få informasjon om rutinar ved evakuering/brann.

HMS 
På alle arrangement skal det opplysast om naudutgangar og rutinar ved brann
Brukarar av huset pliktar seg å setja seg inn i Brannvernrutinar og bruksreglar for huset.
For bruk av huset gjeld elles politivedtektene i Alver Kommune

Representantskapet kan med 2/3 fleirtal endra desse reglane

Bruksreglar og kjøkkenreglar skal vera oppslått i huset